Den tome stolen
sa inkje og alt.
Den stod der med
tause lunger.
Og bordet var dekt
med matstellet kaldt,
og minus av
kjeklande tunger.
Utanfor, ute-
låg snøteppet på
det brydde seg lite
om stolen.
Men inne, i varmen
stod han som fekk sjå-
den underleg stille
i kjolen.
Og maten fekk landlov
og bordet vart stelt,
men stolen stod tom
heile tida.
Den vart kansje flytta
til bordkant og duk,
for han som var att
var av flida.
Tvers over eit bord
stend ein rakrygga stol.
Den same som før
husa frua.
No stend den der berre
og samlar på støv,
og herren sit einsam
i stua.