Glede/ Trollsk. To dikt av Ottar Forsberg

GLEDE

Av glede e ho yr

utan at he vunne penger

for gleden kjem frå det indre

… kvar den kriblar og kryr

og gjer ho mot som ho trenger

te smerten i sjela at lindre

 

ho spreiar sin glede

i heila miljø

me at syna det blide anlete

å seia go-morn og inkje adjø

for hennar humør vil ho frede

 

ho møter framtida

sjøltilfreds

for kvar enda dag e ljos og fin

men snart ska ho få lida

 

synd det som eigde rom

for hennar humør provoserte

så ho vart nesten teken av dage

av han som inkje tolererte

hennar lyse sinnslege

dog som gjorde han livsfarleg og hjerne-tom

trist kvinne

 

 

 

 

 

 

***

TROLLSK

Ho va ute i kveldinga

i skovens tussmørke

det va som eit eventyr

… alt som før va e no noko heilt anna

og ho gler seg

for det e lenge te solrenninga

 

nedbøyde løvkvister

kryp som lang-kroppa dyr langs bakken

og dei større greiner klatrer opp over stammen

kvar vinden lagar lyd som tusen fløytister

ho frydar seg, smiler og kneisar me nakken

 

kortvekste personar

tusler langs den gjengrodd sti

det e sopp-folket alle me hattar

store og glitrande som kronar

 

se der, ja der fremme

på den lave koll

ligg rotvelta

som i mørkret

synar seg frem som troll

ljodlaust og utan stemme

 

ho kosar seg glugg

i den tussmørke eventyriske skog

og konsumerer den mørkre skugg

redd, nei

inkje det fnugg

 

no ser ho renninga i horisonten

og veit at alt vert viska bort

heile hennar trolske verd

me kvister og røter som vert seg sjølv

særs kjedeleg

livet gjeng inn i den sedvanlege donten

 

dog ser ho fram te ein ny aften

kvar ho att kan drøyma seg inn i eventyret

og gøyme minna djupt i sjele-kraften

ho held seg skjult for bygdedyret

mørk skog

 

 

 

 

 

Av Ottar Forsberg

 

Pin It

Kommentarer er lukket.