Rekk meg handa di,
og lat ho bli i mi,
hjå deg er eg heil,
dine auge mine speil,
på kven eg er,
du som kom meg så nær.
Eg hadde nær myst trua,
då var du brått der
vår kjærleiksgneist lua,
og eg fekk deg så kjær,
stendig er me der no,
eg hjå deg,
du hjå meg,
i saman vi to,
nett som det skal vere,
mitt hjarte, mi kjære,
no deler me veg,
for eg elskar no deg.